18.6.24

DAG 5

Ein buljongdag, som det heiter - eg vert skuffa viss det viser seg at nokre av dykk såg nokon av kampane i dag. Det var bra med poeng i begge kampane, men mest i Tsjekkia-kampen. Skal nokon nemnast i dag er det nok Theodor igjen; han har berre bomma på éin kamp så langt, og har i tillegg hatt to heilt rette resultat, inkludert eitt i dag.

15 poeng: Erling, Kajsa og Theodor
12 poeng: Eirik, Janne, Maren Ingeborg og Sebastian
11 poeng: Erlend, Matias og Torstein
10 poeng: Jens Johan, Johannes, Martin, Merete og Ole Petter
9 poeng: Håvard, Jostein, Kjartan, Tobias og Torunn
8,5 poeng: Øystein
8 poeng: Arnfinn, Nora og Oda
7 poeng: Alfred, Brynjulf, Lars og Sylvester
6 poeng: Anne Liv, Odd Martin og Stein Inge
5 poeng: Astrid og Herman
4 poeng: Hallgeir
3 poeng: Max og Richard

5 kommentarer:

  1. Buljong du liksom. Du er berre avundsjuk fordi du ikkje fekk med deg to fine kampar. Debutanten Geprgia som køyrde keeperen fram på corner som om det var siste ekstraomgang i semifnala og ikkje fyrste gruppespelskamp og vart straffa for det, etter at Tyrkia tidlegare hadde score to praktmål. Tsjekkia som var nær ved å få med seg eit poeng i beste West ham-stil etter å ha hatt ballen 25 % av tida, medan Mr. 35-mål-i-Saudi-Arabia bomma på ballen, bomma på mål eller trefte keeper. SAD!

    SvarSlett
  2. "Den 18:e november är ingen vanlig dag – det är benbuljongens dag!
    Första gången någonsin som vi firade Benbuljongens dag i Sverige var den 18:e november 2015. Det är nu ett årligt återkommande event."
    Kva som er grønsaksbuljongens dag greidde eg ikkje å finna, men neppe 18. juni. Så ja, her rotar du fælt.

    SvarSlett
  3. Forresten: finst det noko statistikk på at det låner seg å ha eit namn som byrjar med E, og det motesette for namn som byrjar med A?

    SvarSlett
  4. E 12,0
    K 12,0
    T 11,0
    J 10,25
    Ø 8,5
    M 8,12
    O 8,0
    N 8,0
    S 7,67
    A 7,0
    B 7,0
    L 7,0
    H 6,0
    R 3,0

    SvarSlett
  5. E skal ha 12,67

    SvarSlett