14.7.24

FINALEDAG

Houston, me har eit problem: Viss eg har rekna rett, og det må me jo sjølvsagt gå ut frå, har me fire vinnarar. Sjå (delvis) vekk frå det eg skreiv i går; då rekna eg berre fem poeng for finalist, men i reglane står det visst ti. Korleis skal me gjera det? Vinnaren skulle få 114 kroner få kvar - skal alle betala ein fjerdedel til kvar av dei fire (altså 28,50)?

Gratulerer til dei fire!

48 poeng: Erlend, Janne, Johannes og Kajsa
47 poeng: Theodor
46 poeng: Erling, Martin og Ole Petter
45 poeng: Matias
42 poeng: Maren Ingeborg og Richard
41 poeng: Eirik, Jostein og Kjartan
40 poeng: Anne Liv
39,5 poeng: Øystein
39 poeng: Arnfinn og Oda
38 poeng: Jens Johan og Merete
37 poeng: Sylvester og Torstein
35 poeng: Herman og Tobias
34 poeng: Hallgeir og Håvard
33 poeng: Stein Inge
32 poeng: Odd Martin
31 poeng: Alfred, Lars og Sebastian
28 poeng: Brynjulf og Nora
26 poeng: Astrid
23 poeng: Max
20 poeng: Torunn

12.7.24

KVILEDAG

Akkurat no leiar Johannes med 47 poeng. Dei som skal vinna må altså få minst 47 poeng. Lista under viser kven som kan klara det, og korleis dei eventuelt får det til. Det seier seg sjølv at dei må gjera det godt på dei tre tipsa som gjev mykje poeng, altså Winnar, Toppskårar og Finalist, vanlegvis forkorta WTF. Akkurat der var det mykje rar tipping i år, og eg trur ikkje nokon kan skåra full pott. Ingen har til dømes tippa at Spania kjem til finala i det heile. I alle maks-summane under er det lagt inn tre poeng for rett resultat i finala.

Arnfinn kan få 57 poeng viss England vinn og Jude Bellingham vert toppskårar.
Øystein kan få 52 poeng viss England vinn og Harry Kane vert toppskårar.
Johannes kan få 50 poeng.
Theodor kan få 49 poeng viss Harry Kane vert toppskårar.
Erling kan få 48 poeng.
Matias kan få 47 poeng.

Og det var det. 

10.7.24

DAG 20

Oppdatert liste etter semifinalene. Det kjem litt spekulasjonar og slikt om nokre dagar, men det ser ut til at dei fleste i toppen korkje har tippa rett vinnar, finalist eller toppskårar. Viss Spania vinn har det lite å seia; viss England vinn kan det verta litt omrokeringar.

47 poeng: Johannes
45 poeng: Erlend og Erling
44 poeng: Matias
43 poeng: Martin
42 poeng: Kajsa
41 poeng: Maren Ingeborg og Theodor
40 poeng: Jostein
39 poeng: Arnfinn og Richard
38 poeng: Oda
36 poeng: Torstein
35 poeng: Eirik, Jens Johan og Tobias
33,5 poeng: Øystein
33 poeng: Håvard og Janne
32 poeng: Hermann og Odd Martin
31 poeng: Alfred, Kjartan og Sebastian
30 poeng: Ole Petter
29 poeng: Hallgeir
28 poeng: Stein Inge
26 poeng: Astrid, Lars og Sylvester
25 poeng: Anne Liv og Nora
23 poeng: Brynjulf, Max og Merete
20 poeng: Torunn

DAG 19,5

Det kjem oppdatert resultatliste etter den andre semifinala - å leggja ut liste alt no ville jo vera i strid med dei olympiske ideala. Men eg takkar for alle innsende framlegg - eg trur eg manglar frå dei fire vanlege: Anne Liv, Brynjulf, Lars og Merete. Trendsetjaren Richard var litt seint ute og leverte difor berre tips på den andre semifinala, men eg gav han 1-1 i den fyrste.

7.7.24

DAG 19

I går såg eg ein kamp igjen, Sveits-England. Det var omtrent like keisamt som dei andre kampane eg har sett, men ein kamp med Bukayo Saka kan jo aldri verta retteleg keisam. For ein mann.

Elles har det visst vore bra dagar i Vigelands; både Kajsa og Kjartan hadde rette vinnarar i alle kvartfinalene, medan Johannes på merkeleg vis er heilt i toppen. Resultatlista viser at Kajsa har litt dårlegare fotballkunne enn Arnfinn, men litt betre fotballkunne enn Torstein.

44 poeng: Erling og Johannes
43 poeng: Martin og Matias
42 poeng: Erlend
41 poeng: Maren Ingeborg
40 poeng: Jostein og Theodor
39 poeng: Richard
38 poeng: Oda
37 poeng: Arnfinn
36 poeng: Kajsa
35 poeng: Torstein
34 poeng: Jens Johan og Tobias
33 poeng: Janne
32 poeng: Håvard
31 poeng: Alfred, Eirik og Kjartan 
30 poeng: Odd Martin og Sebastian
29,5 poeng: Øystein
28 poeng: Herman og Ole Petter
26 poeng: Hallgeir, Lars og Stein Inge
25 poeng: Anne Liv, Astrid, Nora og Sylvester
23 poeng: Brynjulf og Merete
22 poeng: Max
18 poeng: Torunn

6.7.24

DAG 18

OK. No trur eg at alt er oppdatert før kampane i kveld. Alle har ikkje levert tips, det manglar frå Anne Liv, Brynjulf, Lars og Merete - i alle fall trur eg at det manglar frå dei. Meld frå dersom eg har oversett noko.

Nokre av dei andre har levert mangelfulle tips; ein har til dømes berre tippa dei tre siste kvartfinalene. Nokre sender tips via Google rekneark, ein framgangsmåte som sikkert er både framtidsretta og postmoderne, men for meg verkar det litt tungvint at eg ikkje får tilgang til tipsa med ein gong, men må be om dette (frå han som har sendt tipsa). Nokre har (så langt, altså ti på fem laurdag ettermiddag) berre tippa dei to fredagskampane. Martin, som har sigla opp som ein favoritt, valde denne gongen å berre tippa vinnar utan å ta med resultat. To stykk leverte blanke skjema, og desse har fått tilbod om å levera på nytt. (Det er kanskje vel raust av meg, men eg er jo ein utprega raus person.) Så ja, eg sit med ei kjensle av at for mange er det viktigast å delta.

Viss me går vekk frå all den manglande/skrantande leveringa og ser på dei som leverte på ein ryddig og eksemplarisk måte, bør det vel nemnast at Kajsa fekk full pott i går. Stillinga etter dei to fyrste kvartfinalene er dermed slik:

43 poeng: Johannes
42 poeng: Erling og Martin
41 poeng: Matias
39 poeng: Erlend og Theodor
38 poeng: Jostein, Maren Ingeborg og Richard
37 poeng: Oda
35 poeng: Arnfinn
34 poeng: Kajsa og Torstein
33 poeng: Jens Johan
31 poeng: Håvard
30 poeng: Eirik og Tobias
29 poeng: Alfred, Janne og Sebastian
27,5 poeng: Øystein
27 poeng: Kjartan og Ole Petter
26 poeng: Lars og Odd Martin
25 poeng: Anne Liv
24 poeng: Herman, Nora og Stein Inge
23 poeng: Astrid, Brynjulf, Merete og Sylvester
22 poeng: Hallgeir
18 poeng: Torunn
17 poeng: Max

3.7.24

DAG 17

Skjema for kvartfinalene kjem om litt.

41 poeng: Erling og Martin
40 poeng: Matias
39 poeng: Johannes
38 poeng: Richard og Theodor
37 poeng: Erlend og Jostein
36 poeng: Maren Ingeborg
35 poeng: Arnfinn og Oda
33 poeng: Torstein
31 poeng: Jens Johan
30 poeng: Håvard
29 poeng: Alfred, Eirik, Sebastian og Tobias
28 poeng: Janne og Kajsa
27,5 poeng: Øystein
26 poeng: Lars og Ole Petter
25 poeng: Anne Liv og Odd Martin
24 poeng: Stein Inge
23 poeng: Brynjulf, Kjartan, Merete, Nora og Sylvester
22 poeng: Herman
21 poeng: Astrid og Hallgeir
18 poeng: Torunn
17 poeng: Max

2.7.24

DAG 16

40 poeng: Erling og Martin
39 poeng: Matias
38 poeng: Johannes
37 poeng: Richard og Theodor
36 poeng: Jostein
35 poeng: Erlend og Maren Ingeborg
34 poeng: Arnfinn
33 poeng: Oda og Torstein
29 poeng: Jens Johan
28 poeng: Eirik og Håvard
27,5 poeng: Øystein
27 poeng: Janne, Kajsa, Sebastian og Tobias
26 poeng: Alfred
25 poeng: Anne Liv, Lars og Ole Petter
24 poeng: Odd Martin
23 poeng: Kjartan, Merete og Stein Inge
22 poeng: Brynjulf, Nora og Sylvester
20 poeng: Astrid og Hallgeir
18 poeng: Torunn
16 poeng: Max

1.7.24

DAG 15

Omsider framme på Andenes, Nordland er langt og lengre enn langt. Me har køyrt rundt 1950 kilometer, og nærmar oss altså to rundar rundt Ekvator.

Som vanleg er det nokon som ikkje heilt forstår reglane (og akkurat denne gongen er det ikkje Hallgeir). Tipparen som undrar seg skal få vera anonym, men har eller har hatt noko å gjera med eit forlag som ikkje er kalla opp etter ei fonn. Tipparen meiner at det er urettvist at "det er resultatet etter to omgangar, eller to omgangar pluss ekstraomgangar, som tel", sidan dei som då tippar heime- eller bortesiger får to sjansar til å få rett resultat. Det kan godt vera at dette er urettvist, men sidan det er slik me heile tida har praktisert det, til og med utan at Hallgeir har klaga på det, trur eg me held fram slik.  Om ikkje anna kan dette føra til at alle som er med lærer seg at livet er urettvist. Men de må gjerne koma med framlegg til endringar, sjølvsagt.

To favorittsigrar i går kveld, viser det seg.

39 poeng: Erling og Martin
36 poeng: Johannes
35 poeng: Matias, Richard og Theodor
33 poeng: Erlend og Maren Ingeborg
32 poeng: Arnfinn og Jostein
31 poeng: Torstein
29 poeng: Oda
27 poeng: Håvard og Jens Johan
26 poeng: Eirik
25,5 poeng: Øystein
25 poeng: Anne Liv, Janne, Kajsa, Sebastian og Tobias
24 poeng: Alfred og Ole Petter
23 poeng: Lars og Merete
22 poeng: Odd Martin
21 poeng: Brynjulf, Kjartan og Stein Inge
20 poeng: Herman, Nora og Sylvester
18 poeng: Astrid og Hallgeir
17 poeng: Torunn
15 poeng: Max