1.7.24

DAG 15

Omsider framme på Andenes, Nordland er langt og lengre enn langt. Me har køyrt rundt 1950 kilometer, og nærmar oss altså to rundar rundt Ekvator.

Som vanleg er det nokon som ikkje heilt forstår reglane (og akkurat denne gongen er det ikkje Hallgeir). Tipparen som undrar seg skal få vera anonym, men har eller har hatt noko å gjera med eit forlag som ikkje er kalla opp etter ei fonn. Tipparen meiner at det er urettvist at "det er resultatet etter to omgangar, eller to omgangar pluss ekstraomgangar, som tel", sidan dei som då tippar heime- eller bortesiger får to sjansar til å få rett resultat. Det kan godt vera at dette er urettvist, men sidan det er slik me heile tida har praktisert det, til og med utan at Hallgeir har klaga på det, trur eg me held fram slik.  Om ikkje anna kan dette føra til at alle som er med lærer seg at livet er urettvist. Men de må gjerne koma med framlegg til endringar, sjølvsagt.

To favorittsigrar i går kveld, viser det seg.

39 poeng: Erling og Martin
36 poeng: Johannes
35 poeng: Matias, Richard og Theodor
33 poeng: Erlend og Maren Ingeborg
32 poeng: Arnfinn og Jostein
31 poeng: Torstein
29 poeng: Oda
27 poeng: Håvard og Jens Johan
26 poeng: Eirik
25,5 poeng: Øystein
25 poeng: Anne Liv, Janne, Kajsa, Sebastian og Tobias
24 poeng: Alfred og Ole Petter
23 poeng: Lars og Merete
22 poeng: Odd Martin
21 poeng: Brynjulf, Kjartan og Stein Inge
20 poeng: Herman, Nora og Sylvester
18 poeng: Astrid og Hallgeir
17 poeng: Torunn
15 poeng: Max


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar