OK. No trur eg at alt er oppdatert før kampane i kveld. Alle har ikkje levert tips, det manglar frå Anne Liv, Brynjulf, Lars og Merete - i alle fall trur eg at det manglar frå dei. Meld frå dersom eg har oversett noko.
Nokre av dei andre har levert mangelfulle tips; ein har til dømes berre tippa dei tre siste kvartfinalene. Nokre sender tips via Google rekneark, ein framgangsmåte som sikkert er både framtidsretta og postmoderne, men for meg verkar det litt tungvint at eg ikkje får tilgang til tipsa med ein gong, men må be om dette (frå han som har sendt tipsa). Nokre har (så langt, altså ti på fem laurdag ettermiddag) berre tippa dei to fredagskampane. Martin, som har sigla opp som ein favoritt, valde denne gongen å berre tippa vinnar utan å ta med resultat. To stykk leverte blanke skjema, og desse har fått tilbod om å levera på nytt. (Det er kanskje vel raust av meg, men eg er jo ein utprega raus person.) Så ja, eg sit med ei kjensle av at for mange er det viktigast å delta.
Viss me går vekk frå all den manglande/skrantande leveringa og ser på dei som leverte på ein ryddig og eksemplarisk måte, bør det vel nemnast at Kajsa fekk full pott i går. Stillinga etter dei to fyrste kvartfinalene er dermed slik:
43 poeng: Johannes
42 poeng: Erling og Martin
41 poeng: Matias
39 poeng: Erlend og Theodor
38 poeng: Jostein, Maren Ingeborg og Richard
37 poeng: Oda
35 poeng: Arnfinn
34 poeng: Kajsa og Torstein
33 poeng: Jens Johan
31 poeng: Håvard
30 poeng: Eirik og Tobias
29 poeng: Alfred, Janne og Sebastian
27,5 poeng: Øystein
27 poeng: Kjartan og Ole Petter
26 poeng: Lars og Odd Martin
25 poeng: Anne Liv
24 poeng: Herman, Nora og Stein Inge
23 poeng: Astrid, Brynjulf, Merete og Sylvester
22 poeng: Hallgeir
18 poeng: Torunn
17 poeng: Max
Draumefinala er Frankrike-England
SvarSlettEg opplever at google regneark er veldig effektivt
SvarSlettJeg også
SvarSlett