Ein buljongdag, som det heiter - eg vert skuffa viss det viser seg at nokre av dykk såg nokon av kampane i dag. Det var bra med poeng i begge kampane, men mest i Tsjekkia-kampen. Skal nokon nemnast i dag er det nok Theodor igjen; han har berre bomma på éin kamp så langt, og har i tillegg hatt to heilt rette resultat, inkludert eitt i dag.
15 poeng: Erling, Kajsa og Theodor
12 poeng: Eirik, Janne, Maren Ingeborg og Sebastian
11 poeng: Erlend, Matias og Torstein
10 poeng: Jens Johan, Johannes, Martin, Merete og Ole Petter
9 poeng: Håvard, Jostein, Kjartan, Tobias og Torunn
8,5 poeng: Øystein
8 poeng: Arnfinn, Nora og Oda
7 poeng: Alfred, Brynjulf, Lars og Sylvester
6 poeng: Anne Liv, Odd Martin og Stein Inge
5 poeng: Astrid og Herman
4 poeng: Hallgeir
3 poeng: Max og Richard
Buljong du liksom. Du er berre avundsjuk fordi du ikkje fekk med deg to fine kampar. Debutanten Geprgia som køyrde keeperen fram på corner som om det var siste ekstraomgang i semifnala og ikkje fyrste gruppespelskamp og vart straffa for det, etter at Tyrkia tidlegare hadde score to praktmål. Tsjekkia som var nær ved å få med seg eit poeng i beste West ham-stil etter å ha hatt ballen 25 % av tida, medan Mr. 35-mål-i-Saudi-Arabia bomma på ballen, bomma på mål eller trefte keeper. SAD!
SvarSlett"Den 18:e november är ingen vanlig dag – det är benbuljongens dag!
SvarSlettFörsta gången någonsin som vi firade Benbuljongens dag i Sverige var den 18:e november 2015. Det är nu ett årligt återkommande event."
Kva som er grønsaksbuljongens dag greidde eg ikkje å finna, men neppe 18. juni. Så ja, her rotar du fælt.
Forresten: finst det noko statistikk på at det låner seg å ha eit namn som byrjar med E, og det motesette for namn som byrjar med A?
SvarSlettE 12,0
SvarSlettK 12,0
T 11,0
J 10,25
Ø 8,5
M 8,12
O 8,0
N 8,0
S 7,67
A 7,0
B 7,0
L 7,0
H 6,0
R 3,0
E skal ha 12,67
SvarSlett