15.6.24

DAG 2

I dag kan det jo passa med litt babling om kva som skjer. 35 tipparar har levert tips, og som vanleg er litteratur-eliten samla. Prisvinnarane står i kø, og me har til og med fått med oss den neste redaktøren i Syn og Segn. Fleire forlag er representerte. Ein liten del av dei tilsette i Skald, litt større prosent av dei tilsette i Samlaget er med, medan hundre prosent av dei tilsette i Fonna er med. Nokre nye folk har kome til, medan nokre er ute. Kvar er til dømes Gjert? Eller Alfred? Og kvar er Håkon, som vann sist?

Åtte av dei deltakande laga er tippa som vinnar. 13 har tru på Frankrike, deretter kjem England (9), Tyskland (6) Italia og Nederland (2), Belgia, Kroatia og Portugal (1). Ja, det står faktisk Kroatia. 

Toppskårar: Her er det berre seks framlegg. To klare favorittar - 18 har mest tru på M'bappe, medan 12 tippar Kane. Me er alltid glade for alle former for avvikande tips, men når heile to tipparar har tru på Lukaku trur eg diverre ikkje det er von om at me har ei betre verd i vente. Wirtz, Depay og Bellingham har fått eitt tips kvar.

Forlagssjefen i Fonna undra seg over at det var få kommentarar på bloggen i fjor. No har me alt fått éin, og det er gledeleg. Det er rett nok merkeleg at kommentaren kjem frå Hans, som ikkje er med i tippinga, men likevel. Han spør korleis det går an å få få halve poeng, slik Øystein har fått, og forklaringa er enkel: Øystein oppdaga at det var feil i tippeskjemaet eg sende ut, eg hadde blanda saman Slovakia og Slovenia og/eller Ungarn og Ukraina, slik at ein av kampane ikkje vert spelt. Han fekk eit halvt poeng for å ha oppdaga det. Alle fekk eit slags tilbod om å endra tipset sitt, men som forventa var det heller få som viste interesse for det. 

Så langt i EM har det vore fire favorittsigrar i dag, men det er likevel uventa stor variasjon i poengsamlinga. Berre ni av oss har rette vinnarar i alle kampar så langt. Janne er ein av dei, og sidan ho tippa rett resultat i kampen til Kroatia toppar ho så langt. 1-1-mannen Richard står med 0 poeng så langt.

6 poeng: Janne
5 poeng: Kajsa og Torstein
4 poeng: Eirik, Jens Johan, Jostein, Lars, Martin, Matias, Nora og Theodor
3 poeng: Arnfinn, Astrid, Brynjulf, Erlend, Erling, Håvard, Johannes, Kjartan, Maren Ingeborg, Ole Petter, Stein Inge, Sylvester og Tobias
2,5 poeng: Øystein
2 poeng: Anne Liv, Hallgeir, Herman, Max, Merete, Oda, Odd Martin og Sebastian
1 poeng: Torunn
0 poeng: Richard

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar