Hm. Eg gløymde visst datamaskina på “jobb”, og eg har ikkje kopi av samlefila med alle tipsa. Eg oppdaterer torsdag morgon.
Torsdag morgon: Resultata i går var veldig bra, og då tenkjer eg på tippe-resultata. Det var rett nok ikkje så mange som hadde tippa at Kroatia skulle greia uavgjort mot Albania, men det var nokre, og Arnfinn tippa til og med 2-2. Han har doktorgrad, men likevel.
I dei to siste kampane rann det inn poeng. At Tyskland vann var ikkje noko bombe, men elleve hadde heilt rett resultat. Til saman skrapa me saman 55 poeng i den kampen. Endå meir imponerande var tippinga i kveldskampen, der det vart 1-1. At Richard skårar høgt på slike kampar er ikkje rart, men han fekk selskap av 16 andre. Sagt på ein annan måte: 17 av 36 tippa heilt rett resultat. Sagt på ein tredje måte: 19 av 36 tippa ikkje heilt rett resultat. Det vart samla saman 55 poeng også i den kampen.
20 poeng: Erling
18 poeng: Maren Ingeborg og Theodor
17 poeng: Matias
16 poeng: Alle i Gustav Vigelands, bortsett frå Kjartan
15 poeng: Eirik, Erlend, Sebastian og Torstein
14 poeng: Jens Johan, Martin og Merete
13 poeng: Arnfinn og Håvard. Dei gjekk i same klasse på barneskulen, så det passar bra at dei held kvarandre med selskap her.
11,5 poeng: Øystein
11 poeng: Brynjulv, Lars, Nora, Ole Petter, Stein Inge
10 poeng: Anne Liv, Kjartan, Odd Martin og Tobias
9 poeng: Astrid, Oda og Torunn
8 poeng: Alfred og Sylvester
7 poeng: Richard
6 poeng: Hallgeir og Herman
5 poeng: Max
Er det råd å fnna eit oversyn over korleis resultata fordeler seg på adresser?
SvarSlettEr det mange som har Musiala som toppscorer?
SvarSletter det 2 poeng for rett resultat?
SvarSlettDet er vanlegvis tre poeng for rett resultat, unntatt når reglane endrar seg
SvarSlett