Siste nytt er at storfavoritten Alfred endeleg har levert tips. Han er, merkeleg nok, klar over at han er seint ute, men han seier at han reknar med å vinna likevel.
Det var mykje strålande tipping i dag. 14 av oss hadde tippa at Nederland vann 2-1. Like imponerande er det at sju tipparar, inkludert 1-1-mannen, hadde 1-1 i kampen til Slovenia. To av dei sju, Theodor og Eirik, har tippa rett vinnar i alle kampar så langt. Theodor har ikkje landa langt frå stamma - Erling hadde like godt heilt rett resultat i alle tre kampane i dag. (Erling er far hans, i tilfelle her er nokre ufaglærte.) Theodor har forresten landa litt langt frå den andre stamma. (Torunn er mor hans, i tilfelle her framleis er nokre ufaglærte.) Sebastian og Maren Ingeborg hadde to rette resultat, men bomma begge på Slovenia.
Stillinga så langt:
12 poeng: Erling
10 poeng: Janne
9 poeng: Eirik, Kajsa, Maren Ingeborg og Theodor
8 poeng: Jens Johan, Matias, Merete og Sebastian
7 poeng: Brynjulf, Håvard, Johannes, Kjartan, Martin, Ole Petter, Tobias og Torstein
6,5 poeng: Øystein
6 poeng: Erlend, Jostein og Nora
5 poeng: Arnfinn, Lars og Sylvester
4 poeng: Anne Liv, Oda og Stein Inge
3 poeng: Alfred, Astrid, Hallgeir, Herman, Odd Martin, Richard
2 poeng: Max og Torunn
Trudde det var ein Jostein med også?
SvarSlettBeklagar, det er ordna no. Frå no av får Jostein 0.25 poeng kvar gong eg gløymer å ta han med.
SvarSlettFleire enn meg som tippar på idealtid, ser eg
SvarSlettKva er klokka?
SvarSlettHallai, ser at Belgia Slovakia ikkje har blitt registrert på kupongen min, så der blir det 2-0 til Belgia 😉
SvarSlettWhatever.
SvarSlett